Kategoriar
Arbeidsgruppe turvegar ( 2 Filer )
Turveg- arbeidsgruppa jobbar med etablering og vedlikehald av eit turvegnett i Fyksesund Landskapspark. I 2008 vart dei fire første turløypa rydda, skilta og merka. Ein kan no følgje grøne treskilt og blå merking i terrenget. 2009 skal det tilretteleggjast nye turvegar. Målet er eit turnett som gir varierte og spennande turmogelegheiter for alle.
Vedlikehald av turløypane er basert på ein "fadderordning". Kvar løype har ein fadder som kallar f. eks. inn til dugnadsarbeid når det er behov. Leiar i arbeidsgruppa kallar inn til møte når ein skal vedta handlings- og framdriftsplanar.
Arbeidsgruppa er open for alle interesserte. Har du lyst å bidra til at Fyksesund området får eit godt merka og utfordrande turvegnett? Ta kontakt med arbeidsgruppeleiaren Roger Botnen (tlf. 95 089 753).
Arbeidsgruppe kulturlandskap ( 3 Filer )
Fyksesund Landskapspark skal leggje til rette for auka bruk og utvikling av Fyksesundet og landskapet rundt, på ein slik måte at natur og kulturlandskapet vert teke vare på. Kulturlandskapsgruppa jobbar bl. a. med å skissere nye idear for korleis dette målet kan oppnåast. Grunnlag for arbeidet i gruppa er at det skal finnast løysningar som lokalbefolkninga og grunneigarar opplever som positive.
I 2008 har gruppa f. eks. utarbeidd planar for hogst langs vegen og ein prosjektplan for etablering av eit beitelag mellom innbyggjarar utan gard. Det vart elles gitt eit oppdrag om utarbeiding av ein samla kulturlandskaps- og kulturminneplan som skal vere grunnlag for vidare arbeid.
Er du interessert i å vare med i prosessen rundt "kulturlandskapet i bruk"? Ta kontakt med arbeidsgruppeleiaren Liv Lyngstad (tlf. 98 245 840).
Arbeidsgruppe produktpakking / næringsforum ( 1 Filer )
Produktpakkingsgruppa samlar per i dag lokale aktørar som driv med overnatting, servering eller transport, men er open for alle, spesielt for dei som vurderer etablering av nye tilbod. Arbeidsgruppa jobbar med å finne løysningar for meir samarbeid og sal av produktpakkar.
Hovudmålet er å styrke Fyksesund Landskapspark som felles region. Området skal bli meir attraktivt både som reisemål og som buplass.
Du kan ta kontakt med produktpakkingsgruppa via arbeidsgruppeleiaren Arne Fykse (tlf. 97 168 511).
Strategidokument ( 2 Filer )
Kva er ein landskapspark? Kva er verdigrunnlagar og visjonar? Her finn du forskjellige strategidokument og rapportar som gjeldar alle landskapsparkar i Hordaland.
Styrereferat ( 20 Filer )
Følg med kva som er aktuelle tema i Fykseund Landskapspark. Her finn du referat frå styremøta som holdast ein gang i månaden.