Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)

Vandring på eiga hand

DSC-1829

Turforslag i Fyksesund Landskapspark

Merka fotturar på Fykse og i Steinstø:

A: Steinstø−Bjørke: Bratt tur gjennom frukthagen i Steinstø, langs stølsvegen til steinstøgarden til Bjørke. Om lag 1 time. (Blått merke)

B: Telstø−Telstøstølen −Rymbedal−Klyve: Turen går frå Telstø til Telstøstølen langs den gamle stølsvegen frå Telstø. Ein kryssar elva ved Telstøstølen og går ned att til Klyve om Rymbedal. Bratt terreng. Om lag 3 timar. (Grønt merke)

C: Bjørke−Veten− Nyasete− Bjørke: Rundtur i lett kupert terreng. Ein passerer utkikspunktet Veten og stølen Nyasete. Om lag 3 timar. (Blått merke)

D: Bjørke−Storhoggo−Sjusete−Nyasete−Bjørke: Rundtur i lett kupert terreng. Ein passerer uteslåtta Storhoggo og stølane Sjusete og Nyasete. Om lag 3 timar. (Blått merke)

 

Merka fotturar på Botnen:

E: Furehaugen rundt: Fin utkikstur i middels krevjande terreng. Om lag 1 time. (Blått merke)

F: Flatabø−Flatabøstølen: Stølstur gjennom Flatabødalen og inn til Flatabøstølen. Lett tur i gamalt kulturlandskap. (Blått merke)

For meir informasjon om turane; sjå turkart (Nedlastbar pdf, 8,7 MB) pdf_icon

DSC-1708-knut