Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)

Aktivitetar og attraksjonar

Hardanger Akvasenter

Hardanger Akvasenter

Hardanger Akvasenter er Noregs første visningsanlegg for oppdrett av fisk. Det ligg ved munningen til Fyksesundet, med Steinstø Fruktgard og Gamlastovo Gardsrestaurant like I nærleiken. I mottakssenteret på Steinstø kai finst innleiande utstillingar, og herfrå er det båt til oppdrettsanlegget og den flytande hovedbygningen. Her kan du følgja laksen sitt livsløp frå smolt til gourmet-mat i Paris eller Tokyo. Med undervasskamera får gjestene inntrykk av livet i merden, og ein kan sjølv gå rundt i anlegget for å studera laksen. I kafeen kan ein få seg lakserettar og annan lokal mat frå Hardanger.

www.akvasenter.no

 

Fjordtur med Peer Gynt

Hardanger fjordreiser

Frå kaien i Steinstø, like ved Rv 7, kan charterbåten M/S Peer Gynt tar dykk med på fjordtur inn det vakre Fyksesundet. Frå soldekk eller salong kan du nyta ei fantastisk utsikt over fjord, fjell og fossefall, samt eit prisløna kulturlandskap. Frå guide-cd kan passasjerane får informasjon om stadene båten passerer, bl.a. Skåro; "Ein plass ein ikkje skulle tru at nokon kunne bu". I enden av sundet ligg den veglause grenda Botnen – fødestaden til Hardingfela. Her kan båten leggja til kai, med høve til å gå i land.
M/S Peer Gynt kan leigast til sightseeing, firmaturar, blåturar, pensjonistturar, klassefestar m.m.. Salongen er hyggeleg og komfortabel med sitjeplassar ved bord til 48 personar. Me hentar og bringar Dykk der De måtte ynskja i Hardanger. Servering av mat og drikke om bord kan ordnast – be om meny og pris.

www.hfr.no

 

Kjakktur på Fyksesundet

Fyksesund Braut

Fyksesund Braut er et opplevingsselskap som organiserer ulike aktivitetar i og rundt Fyksesundet. Den eventyrlege naturen vi bevegar oss i , er utgangspunktet for dei rike inntrykk ein får. Dei lokale guidene har stor kunnskap om nærområdet. Fyksesund Braut tilbyd alt frå eksklusive dagsturer for få personar, til opplevingar for store grupper til sjøs, til fjells og i tau. På lengre turar tek vi gjerne med oss lokal mat frå bedriftene i landskapsparken og nyt den ved bålet.

www.fyksesundbraut.no

 

Bjørnebruket i Fyksesund Landskapspark

Bjørnebruket

Bjørnebruket ligg på Rykkje, langs RV 7 mellom Øystese og Fyksesund. Bruket ligg i ein liten dal ca 800 meter frå RV 7, med utsyn til Hardangerfjorden. Me sel m.a. eigne økologiske og lokalforedla lammeprodukt , som kan kjøpast i eige gardsutsal. Me tilbyr òg inn på tunet tenester. Garden ligg omkransa av flott turterreng. På ca 82 daa dyrka mark, 50 daa beite og sommarbeite med støl i søre Hamlagrø, har me ca 75 vinterfôra sau. Om sommaren beiter 400-500 kalkunar på heimabøen, I tunet leikar smålam, høns, hund og katt.

www.bjornebruket.no

 

Andre tilbod i Fyksesund

  • Tur til Døso (kontakt Gamlastovo Gardsrestaurant i Fykse www.gamlastovo.no)
  • Rundtur med gardsbesøk og vandring i kulturlandskap (kontakt Gamlastovo Gardsrestaurant i Fykse www.gamlastovo.no)
  • Hardingfelekonsert i fjellhole (Døse) (kontakt Gamlastovo Gardsrestaurant i Fykse www.gamlastovo.no)
  • Omvisning på fruktgård med sidersmaking (kontakt Steinstø Fruktgård www.steinsto.no)
  • Gullfiskvatnet. Det er gullvederbuk som har gjort Skårsvatnet kjend over heile landet som "Gullfiskvatnet". Gullvederbuk og karuss vart utsett i vatnet i 1914.

For meir informasjon om fjellturar og turstiar sjå Vandring på eiga hand i menyen (Turkart i pdf.)