E-post Skriv ut

Fyksesund Landskapspark

omf2

Ligg i Hardanger, ein og ein halv time aust for Bergen.  Området har eit variert tilbod i vakker natur - i eit levande kulturlandskap som strekkjer seg århundre attende i tid.
Landskapsparken vart skipa i 2007 og er eit lag for dei som bur og arbeider, har hytte eller eig grunn kring Fyksesundet. Me skal leggja til rette for auka bruk av Fyksesundet og landskapet rundt, på ein slik måte at natur, kultur og landskap vert tekne vare på. På austsida av Fyksesundet ligg bygdene Steinstø, Fykse, Klyve og Bjørke. På vestsida ligg Porsmyr, Rykkje, Flotve og Soldal. Grenda Botnen inst i Fyksesundet er veglaus og berre tilgjengelig med båt eller til fots over fjellet. Det er ca 400 fastbuande i området.

omf3
Mange av bøndene i landskapsparken driv med sau, noko som landskapet ber preg av. Tre gardar driv med frukt. Elles er det eit variert næringsliv i Fyksesundet. Her finst restaurant, kafé, overnattingsverksemder, pølsemakeri, visningsanlegg for fiskeoppdrett, blåskjeloppdrett, båtruter og charterbåt, gartneri, keramisk verkstad, småkraftverk og anna.

 

 


omfKontakt

Knut Markhus, dagleg leiar

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen   tlf. 950 90 193
Liv Lyngstad, styreleiar
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen    tlf. 982 45 840
Cecilie A. Johansen, nestleiar
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen    tlf. 980 26 877

Bli medlem !

Grunneigarar, hytteeigarar, fastbuande, næringdrivande og andre interesserte kan vera medlem. Set inn kr 150.- på konto 1254.05.62251 - send ein e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen   med namn, adresse og e-postadresse.